”Beina surna, synet vart uklart og det
starta å ringe i hovudet.”
 

NORGESCUP GÅLÅ, 23.-25. NOVEMBER

Etter sesongstarten på Beitostølen førre helg gjekk turen vidare til Gålå og Noregscup. Som ein årleg tradisjon samlar skinoreg seg i den vesle fjellbygda for å gå sesongens fyrste Noregscup, samt krige om verdscupplassar.

Med landslaget på verdscup i Finland tenkjer du kanskje at dei beste ikkje var med. Då tek du grundig feil. For på startstreken på Gålå sto landslagsløparar frå Sveits, Storbritania og Noreg med Dario Cologna og Petter Northug i spissen! No var nok startfeltet sett under eitt sterkare i Finland, men om ein ser på statistikken så har Petter og Dario seg imellom fleire individuelle OL og VM gull enn heile herrefeltet i Finland til saman! Snakk om gode rammer for ei nasjonal rennhelg.

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

Helga starta med 15 km skøyting. Lite snø gjorde til at løypa var ein 2,5 km runde på rask kunstsnø. Når eg sto opp den her dagen visste eg lite om at detta skulle bli eit av dei hardaste skirenna i mitt liv. Eg opna friskt og var med frå start av. Etter 5 rundar låg eg heilt i tet og kjempa om ein pallplass. Eg var i veldig godt slag. Gode ski og ein kropp som verkeleg ville. Cologna leda, men eg var ikkje langt bak.

Men det her var før siste runda. For dei siste 2,5 km vart av den tøffe sorten. Beina surna, synet vart uklart og det starta å ringe i hovudet. Eg kriga alt eg kunne mot meg sjølv og klokka, men klarte ikkje å berge pallplassen eg hadde i 12.5 av 15 km. Eg sjangla over målstreken som ein sjømann på perm og vart nummer 5. Snautt eit halvt minutt bak olympisk meister «Super-Dario» Cologna som vann.

Laurdag var det skøytesprint. Løypa var ganske lett og føret var raskt. Ei teknisk krevjande løype med mange svingar og lite som skilte. Etter ein grei prolog og ein god kvartfinale kjente eg at løpet dagen før sat litt i. I semifinalen kom eg litt skeivt ut, var litt passiv og fekk aldri kontroll på feltet. Eg vart gåande og kjempe om teten, men mangla litt sprut for å få luke i den lette løypa.

Dermed var vi eit samla felt med svolte oksar inn i siste sving før oppløpet. Der skulle det vise seg at sjømannen frå dagen i forvegen ikkje hadde vorte edru endå og eg sklei, mista ballansen og bomma heilt på svingen. Dermed hamna eg sist i semifinalen. Etter sprinten på Beitostølen der alt gjekk stong inn var det her ein påminning om at toppidretten er brutal og alt må klaffe for å få til eit toppresultat.

/
/

Ein som verkeleg sto fram var kongen sjølv. Petter Northug klina til med ein sterk andreplass. Han likna ikkje seg sjølv på Beito, men no gjekk han no eit særs godt skirenn. Taktisk perfekt. Det manglar nok litt på forma endå, men han visar at med sitt hovud og si erfaring er han til å rekne med i ein sprint. Eg håpar han fortsett formstigninga si slik at vi ser ein Petter i form på NM etter jul.

Eg sto over søndagens klassiske renn og valte å nytte dagen til restitusjon. Eg hadde håp om verdscupplass på Lillehammer helga etter. Dermed valte eg å bruke søndagen på sofaen, søvn, mat og drikke. Ikkje så verst søndag tenkjer kanskje du, men den her søndagen var litt spesiell. Det var faktisk min 24 års bursdag. Så i staden for feiring, fest og moro vart det netflix, sofaen og meg sjølv.

Ei tøff og litt kjip prioritering, vertfall om det skulle vise seg å ikkje bli verdscupplass til meg, men eg måtte uansett restituere og forberede meg som best mogeleg. Toppidrettslivet er ikkje alltid like rosenraudt. Heldigvis fekk eg den beste bursdagsgåva eg nokon gong har fått. Eg skal representere Noreg under helgas minitour på Lillehammer i verdscupen! Dermed gjekk bursdagen frå litt trist til kanskje ein av dei beste eg har hatt..

Helgas verdscuprunde har vert eit av sesongen store mål. Eg har jobba steinhardt og målretta for det her. No gjeld det berre å gripe sjansen med begge nevane. Skru på idiotboksen eller kom deg til Lillehammer for å oppleve verdseliten dundre laus på kvarandre i helga! Eg skal kline til og gje alt!

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Alle bilder: © 2018 Bildbyrån

Les mer

Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler