”Det var som om Tine meierier hadde
julebord i begge beina mine”
 

VERDENSCUP LILLEHAMMER, 30. NOV-2. DES

Då var det endeleg duka for helga eg har håpt på, drøymt om, trena for og no siste veka gleda meg til. Verdscup minitour på Lillehammer!

I skrivande stund er kroppen min mildt sagt herja. Årsaka? Løypene på Lillehammer. Eg vart eit år eldre førre helg. Men etter den her helga kjennes det ut som eg har eldast med minst 30 til. Etter 2 sprintdrag og over 30 kilometer i dei beintøffe bakkane og under særs krevjande forhold er eg no utlada, sliten og glad eg overlevde..

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

Helga starta med skøytesprint. Min favorittdistanse. Min sjanse og min augeblink til å skinne. Etter sprinten på Beito har eg håpt å kunne få til eit liknande løp i verdscupen. Det var planen på Lillehammer. Tøff løype i høljeregn og tøft startfelt venta. Toyota og Noregs eigen wonderboy sette sjølvsagt standarden i prologen med siger. Eg sleit meg inn til ein 8. plass, nokre sekund bak Klæbo. Eit godt resultat, men eg kjente at beina mangla litt futt. Trass i ei litt tung kjensle var det koseleg vestlandsvær med regn som kom sidelengs frå himmelen. Nett so heime i Førde.

I kvartfinalen fekk eg eit veldig overkommeleg heat. 2 andre nordmenn, ein polakk og 2 finna sto i vegen min for min første semifinale og steget inn i verdstoppen. Eg vart bestemt og tok teten, styrte feltet gjennom jamn høg fart. Fekk strekk i feltet og i siste bakke var det kun ein Finne som svarte. Eg valte å sleppe han inn føre meg i siste nedoverbakke inn mot oppløpet for å nytte meg av fart ved å komme bakfrå.

På dette tidspunktet hadde eg stålkontroll. Kroppen var pigg og eg hadde perfekt posisjon. Men sjølvsagt klarte eg å tulle det til. Eg låg for nærme finnen, la meg for tidleg ut og mista fordelen og farta. Dermed vart det ein jamn spurt som eg sjølvsagt tapte. Dei to finnane åt meg opp, slo meg i spurten og dermed var sprinten over for min del.

13 plass var ikkje det resultatet eg ville ha, men eg fekk som fortent. Ikkje noko rått renn, men eg fekk bekrefta at eg har teke eit stort steg nærare verdstoppen i sprint. Slike renn kan eg gå ofte, so det er berre å glede seg til det klaffar skikkeleg. Då blir det verkeleg bra.

/
/

Laurdag var det 15 kilometer skøyting. Noko eg i utgangspunktet gleda meg til, men det vart langt frå slik eg hadde tenkt. Etter gode distanseløp den siste tida opna eg rennet med godt mot. Men når eg skulle ta i skjedde det ingenting. Eller, det blir feil. For det som skjedde var forferdeleg høge mjølkesyreverdiar. Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine. Dei tøffaste løypene i verdscupsirkuset gjorde meg sjanselaus mot verdas beste skiløparar. Eg vagga meg opp bakkane og vart nummer 50.

Det var mange som fekk det tungt i den lause og blaute nysnøen, men vinnaren Sjur Røthe trassa leddgikta si og knuste alle. Ein kjempeprestasjon av ein kjernekar. Måtte vossingen få feire med all «smalahovet» han orka.

Søndag var det jaktstart klassisk. Eg starta eit stykke bak tour-leiaren Røthe og enda endå lenger bak. Kroppen var ferdig og hovudet var kokt. Forma frå Beito var no over alle haugar og når skia heller ikkje var heilt optimale vart det eit tungt punktum på ei elles tung helg. Eg hadde godt feste oppover, men nysnø kombinert med klister gjorde at skia nedover vart som ein bil låst i andre gir. Smørjarane gjorde ein kjempejobb, men vår herre var diverre i det umogelege hjørnet den her helga.

Med tre nordmenn på pallen vart det til slutt ei god norsk helg. Eg derimot fekk ikkje den helga eg ville ha. Det er tøft å måtte kvalifisere seg til viktige renn, for så å vere i form på dei viktige renna. Ingenting veks inn i himmelen, ei heller formen. Etter ein månad med skirenn kvar helg, forventningar, nervar, lite trening og tøffe fysiske påkjenningar vart det litt lite sprut den her helga. Kva som blir neste renn er eg litt usikker på. Men før den tid skal det uansett bli godt å legge seg i kveld utan nervar og spenning, for so å vakne i morgon med matlyst og fri på planen.

/
/

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Alle bilder: © 2018 Bildbyrån

Les mer

Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler