”For ein helvetes bra dag det skulle bli”  

SKANDINAVISK CUP, MADONA, 1.-3. MARS

Medan Noreg gjer reint bord i Austerrike skulle Skandinavias nest beste menn og kvinner møtast til kamp i den Latviske perla Madona. Ei baltisk småbygd med begge beina framleis godt plassert i sovjetisk 80-tals estetikk. Frykteleg mat, grått og vått vær, men med eit utruleg hjelpsamt og gjestfritt folkeferd. Gode arrangørar gjorde klar stadion og bygd for minitour og avsluttande helg i sesongens skandinaviske cup.

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

Helgas minitour bestod av skøytesprint, 10km klassisk og avsluttande 15km skøyting jaktstart med utgangspunkt i dei to førre øvingane. Eit program som passa meg veldig godt og ei helg eg har gleda meg til i heile år.

Fredag var det klart for favorittøvinga skøytesprint. Og for ein helvetes bra dag det skulle bli. Eg tek meg sjølv i å dagdrøyme om skirenn når eg er ute å trenar. Eg visualiserer og fantaserer om korleis eit renn kan utarte seg, ofte med eit godt resultat for min eigen del. La meg sei det slik, eg tapar sjeldan i mine eigne draumar.

Men eg må ærleg innrømme at eg aldri har sett for meg eit renn der alt klaffa så bra og eg har vunne så overlegent som eg gjorde på fredag. Det vart heilt vanvitig. Fantastisk kropp og ski, samt ei løype som passa meg bra.

Eg følte meg om lag like bra som under opninga på Beitostølen der eg slo Klæbo i prologen og vart fire til slutt. Men denne helga var VM-laget i Seefeld og då var det ingen som klarte å følgje meg.

Dagen starta med klar siger i prologen. Eg rykka halvvegs i heata og sikra soleklar siger i kvartfinalen og semifinalen. I finalen gjekk eg rett frå feltet og vann med nesten heile oppløpet ned til resten!

Eg kunne gå å juble som den tullingen eg er og sleppe all galskapen laus dei siste 50 meterane. For ein fantastisk måte å sikre min første internasjonale siger på. Alt eg har øva på, all taktikken eg har lagt og erfaringane eg har gjort meg vart blanda saman i ein deilig drink kalla Kaizen.

/
/

Under gode skirenn er det ofte mykje stang inn og litt flaks. Ein veit liksom ikkje heilt kva som funka så bra. Men den her gangen funka alt eg har jobba med igjennom sesongen. Ikkje berre var det ein siger, men ingenting var tilfeldig. Det er den mest ekstreme og overveldande kjensla eg nokon gong har kjent på. Smilet gjekk rundt før det enda i grining i dusjen når prestasjonen sank inn over meg seinare den dagen.

Dagen etter var det klassisk 10km. Mitt svakaste renn denne helga. Eg hadde nullstilt meg og gjekk i krigen. Etter 2 rundar, der eg gjekk og tenkte at alt var betre i går, enda eg som nummer 15. Eg tapte litt tid, men med bonussekund frå sigeren på sprinten gjekk eg ut rett bak tet på jaktstarten dagen etter.

Søndag skulle det avgjerast. Eg starta som nr 5, 25 sekund bak leiaren Mattis Stenshagen. Eg gjekk ut saman med Martin Nyenget og vi tok opp jakta. Etter 7 kilometer tok vi att teten som Mattis no delte med Daniel Stock. Dermed var det 3 rekruttlandslagsløparar¬ mot ein over snittet rask sunnfjording.


Ut på siste runda tok eg ein føring og drog eit lite stykke. På ein bakketopp såg eg at dei sleit med å følgje tempoet mitt. Dermed såg eg ein sjanse til å avgjere løpet. Ved lureløp kunne vi bli tatt igjen av forfølgargruppa. Når dei dei tre såg ut til å slite med tempoet mitt bestemte eg meg for å gjere eit forsøk på å gå ifrå.

Eg drog til over dei neste kilometerane og etter kvart vart 4 til 3. Dessverre klarte eg ikkje å riste av meg Stenshagen og Nyenget. Etter ein hard avslutning der eg merka råkøyret hamna eg på tredjeplass.

/
/

Kanskje skulle eg ha venta til spurten, men i ein massespurt med stor gruppe kunne alt skje. Derfor er eg nøgd med forsøket og føler eg vann ein pallplass i dag. Eg tok ein sjanse og prøvde meg. Eg var nære på å få luka til landslagsgutta, men det heldt akkurat ikkje. Uansett så gjorde eg eit av mine beste distanserenn nokon gong og følte meg som ein million store delar av løpet. Det var rett og slett eit artig løp!

Eg ser tilbake på Madona og Latvia med eit litt betre blikk enn når eg kom hit. Den rustikke og noko grå stilen vaks på

meg i takt med oppturane. Dette har vore mi beste rennhelg så langt i mi karriere. Eg er utruleg stolt over både sigeren og pallplassen i minitouren samanlagt. Det har mangla litt på fullklaff i år, men endeleg fekk eg ut alt eg var god for. Og då sto eg jaggu meg øvst på pallen. Det er stort. Det er det eg har jobba mot.

No skal eg kvile litt og ikkje minst ete mykje taco (alt anna enn kål, løk og brun saus) også gjere meg klar for verdscup i Drammen 12 mars! Eg håpar heile Noreg skrur på TV’n eller møter opp på torget for å heie! Sjåast i Drammen!

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Bilder fra renn: Bildbyrån
Bilder fra pallen: Privat

Les mer

”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” ”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” SKANDINAVISK CUP, VUOKATTI, 04.-06. JANUAR Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Verdenscup Lillehammer, 30. nov – 2. des Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Norgescup Gålå, 23.-25. november I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording Sesongåpning Beitostølen, 16.-18. november
Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler