”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.”  

SKANDINAVISK CUP, VUOKATTI, 04.-06. JANUAR

Juleferien er over og ein er nøydd til å koma seg attende på arbeid. Årets fyrste arbeidshelg var lagt til dei tusen sjøars land og den eksotiske perla Vuokatti nord-aust i Finland. Her er det mørkt, kaldt og ein kan lukte den russiske vodkaen rett over grensa til aust. Sild og potetar til både lunsj og middag er med på å setje ein ekstra spiss på den finske opplevinga. Men her skulle det først og fremst krigast om viktige poeng og plasseringar med den skandinaviske eliten i internasjonal langrenn på plass.

Helgas meny bestod av sprint skøyting, 15 klassisk og 3mil fellestart skøyting. På start var det blant anna norske, russiske, svenske og finske landslagsløparar med den finske folkehelten og olympiske meisteren Iivo Niskanen i spissen. Han er verkeleg Finland sitt svar på Petter Northug. Det karakteristiske gliset prydar reklame på alt frå skilt til Red Bull-boksar. Den finske statskanalen Yle trappa opp og haldt livesending frå stadion når Niskanen gjekk. Dette til trass for at Tour de Ski, som finnen og mange andre skistjerner har valt å stå over, gjekk parallelt.

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.

Helga starta kaldt. Veldig kaldt. På treningsdagen før første konkurranse var det forferdelege 26 minusgrader på stadion. Etter ein dryg time skigåing og skitest, trass i stillongs og bukse, tok det ei god stund og mykje varmt vatn før eg kunne sjå att mine edle delar. For ikkje å snakke om blåfargen på fingrane. Men med mykje god sild å varme seg på samt mildare vær i vente vart det heldigvis bra temperatur på konkurransedagane.

Fredagens sprint vart ein litt blanda dag for meg. Eg fekk æra av å gå med startnummer 1 for første gang i eit internasjonalt felt. Det betyr at eg var den best ranka sprintaren under konkurransen. Litt overraska måtte eg sjekke verdsrankinga etter løpet og der ligg eg oppført som nummer 13 av nesten 7000 registrerte seniorar på verdsbasis som har gått skirenn på toppnivå i år. Det er veldig stas og vitnar om ein god sesongstart og kontinuerleg forbetring frå i fjor!

Under sprinten starta eg bra med ein 2 plass i prologen, kunn slegen av eit finsk VM-håp. Eg gjekk med sjølvtillit og kom meg enkelt vidare frå kvart og semifinale. I finalen gjekk eg etter planen frå dei førre heata. Spare meg til slutten også angripe siste 300 meterane.

Men i finalen vart det tett om plassane og eg vart hindra slik at angrepet mitt aldri vart noko av. Dermed kom eg aldri heilt fram og vart nummer 4. Ein veldig sur plassering i eit renn eg hadde full kontroll på og burde vunne, men eg tek med meg god form og gode taktiske val før finalen. Etter litt sjukdom og mykje trening i jula er eg langt føre skjema til NM!

/
/

Laurdagen, som Niskanen vann til heimepublikummets store glede, sto eg over med håp om å hevde meg på 30 kilometer skøyting på søndagen. 3mila starta bra med gode ski og god form. Men etter 15 km skjedde det noko rart. Ein av russarane rykka frå feltet, men etter 2 km med hardkøyr braut han løpet! Då såg Niskanen sitt snitt og fortsette hardkøyret.

Då danna det seg små grupper i teten. Eg var litt uoppmerksam og hamna på feil side av ein splitt. Eg prøvde å gå inn at teten utan å lykkast. Når tetgruppa no etablerte seg med ca 15 mann braut Niskanen også. Stjerna hadde krampar og klarte ikkje meir av si eiga fart. Då roa det seg ned og eg tok opp jakta på teten. Eg fekk til ein god spurt og gjekk meg opp mange plassar. Så mykje at eg tok att tetgruppa den siste kilometeren og spurtslo eit par av dei som låg sist der.

Uoppmerksam og litt uflaks gjorde at eg ikkje kunne spurte om sigeren, men eg tek med meg ein 11 plass og dagens beste sisterunde!

Ei god helg med litt stang ut er over. Eg gjorde jobben og bekrefta min posisjon som ein av dei beste sprintarane etter gode resultat før jul. No er eg reserve til verdscup i tyske Dresden komande helg. Men verdscup eller ei, no startar uansett jobben fram mot NM som er årets hovudmål. Ein god treningsperiode og tøffe økter må til for å sikre toppforma om tre veker. Då skal eg vere på mitt aller beste!

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Alle bilder: Privat

Les mer

”Etter ein runde med lureløp og søndagstur bestemte eg meg for at nok er nok. No skal det gåast her.” ”Etter ein runde med lureløp og søndagstur bestemte eg meg for at nok er nok. No skal det gåast her.” VERDSCUP, DRESDEN, 12.-13. JANUAR Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Verdenscup Lillehammer, 30. nov – 2. des Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Norgescup Gålå, 23.-25. november I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording Sesongåpning Beitostølen, 16.-18. november
Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler