”Med 3 frå sprintlandslaget og ein frå rekruttlandslaget var det semifinaleheat utanom dei sjeldne.”  

NM, MERÅKER, 2.-3. FEBRUAR

Noregsmeisterskapen i langrenn er så mykje meir enn berre eit skirenn. Idrettsglede og nasjonal patriotisme møtast under eit teppe av steikeos frå vaffeljern i ei lita bygd som er snudd på hovudet. Årets NM var ikkje noko unntak. Meråker viste seg i si beste vinterdrakt og leverte eit noregsmeisterskap som seint vil gløymast.

Johaug sin dominans, Iversen sine gull på heimebane, Klæbo sitt fall eller Tønseth sin noko valdelege tolking av 30 kilometer med skibyte. Årets NM vart ei av dei mest innhaldsrike meisterskapa eg kan hugse. Med alle profilane på start og VM-plassar på spel var det eit NM prega av alvor og skyhøgt nivå. Noko som prega kvar einaste distanse og gjorde NM i Meråker til ei av dei råaste rennhelgane eg har opplevd. Karsk, sodd og heimert gir tydeleg gode føresetnadar for å skape NM-fest!

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

For min eigen del har NM vore årets hovudmål sia eg starta treninga i mai. Eg har tenkt på skøytesprinten so og seie kvar bidige dag. Forventningane og forhåpningane har stege i takt med dei gode øktene gjennomført i sommar og haust, samt dei gode prestasjonane eg har gjort sia opningshelga på Beitostølen. I år har eg teke eit stort steg og plassert meg stabilt i Noregstoppen og verdstoppen i skøytesprint. Derfor hadde eg eit klart mål om medalje under årets NM.

For meg har NM alltid vore hovudmålet for sesongen. Og renna kjem tett utan mykje tid til trening. For å vere i toppform der er ein nøydd til å trene godt ein periode i førevegen. Derfor val eg å nytte mogelegheita for å få gjort ein treningsjobb før den her helga. Dermed var eg ikkje optimalt førebudd når eg sto på start, men det er alltid spennande med eit usikkert moment. Heldigvis var kroppen veldig klar for å spurte igjennom Dresdens gater.

Første distanse under NM var 15 km klassisk. Den sto eg over i påvente av sprinten dagen etter. Johaug derimot knuste alle og vann overlegent for damene. Rykta skal ha det til at ho knapt nok var nedpå snøen i det durcellkanina fauk igjennom løypa. På herresida innfridde Emil Iversen heimepublikummets forventingar og tok NM gull, kongepokal og sørga for lokal heltestatus i heimbygda til evig tid.

Dagen etter kom sprinten. Løypa var rask og teknisk krevjande. Eg starta bra med ein tredjeplass i prologen rett bak Krogh og Skar som skulle ende opp med gull og sølv til slutt. Men det mangla litt trass ein god start. Den trinnlause hybridmotoren der eg vanlegvis berre klemme pedalen i botn måtte no innom nokre litt seigare gir. Eg var ikkje like rapp i taka som eg har vore tidlegare i vinter. Men no var vi i gang og derfor nullstilte eg hovudet og gjekk laus på heata som om eg var i toppform.

/
/

Kvartfinalen gjekk veldig greitt. Eg sparte krefter undervegs og angreip i siste bakken. Der fekk eg ei luke og tok meg trygt vidare til semifinalen. I semifinalen var det duka for eit skikkeleg rotterace. Med 3 frå sprintlandslaget og ein frå rekruttlandslaget var det semifinaleheat utanom dei sjeldne. Det var verdsklasse i kvart av dei 6 startspora. Ut frå start fekk eg ryggen til Skar og følgde han lett.

Inn mot den siste bakken der eg avgjorde kvartfinalen starta angrepet. Eg gjekk laus og prøvde å ta teten og få luke. Men det svara ikkje slik det pleier. Når eg bestemte meg for å ta i skikkeleg var det som å skru på ein lysbrytar når straumen er vekke. Det burde skje noko når ein slår på, men det kom ikkje noko lys.

Dermed kom eg aldri heilt fram i den siste bakken og fekk tredjeplass inn på det raske oppløpet. Eg har jobba mykje med spurten og gjorde ein god spurt, men tapte 2 plassen med ein skisko og dermed finaleplass. Plutseleg var årets høgdepunkt eit aldri så lite antiklimaks.

Eg gjorde ein god konkurranse og tok mange gode val. Eg stolte på meg sjølv og fekk til det eg har øva på og nytta mine erfaringar. Det er eg særs godt nøgd med. Men kroppen var ikkje like rå som den pleier og eg ville den skulle vere. Det er eg skuffa over. Eg hadde mål om medalje, men utan ein maks dag blir pallen vanskeleg. 6 plass er eit godt resultat, men etter mange gode renn i år hadde eg håpa på litt betre.

Med nesten 200 mann på start og med ein kropp som ikkje var på sitt beste må eg vere nøgd med ein 6 plass. Sjølv om det er vanskeleg når ein veit at ein kan betre..

/
/

Kvartfinalen gjekk veldig greitt. Eg sparte krefter undervegs og angreip i siste bakken. Der fekk eg ei luke og tok meg trygt vidare til semifinalen. I semifinalen var det duka for eit skikkeleg rotterace. Med 3 frå sprintlandslaget og ein frå rekruttlandslaget var det semifinaleheat utanom dei sjeldne. Det var verdsklasse i kvart av dei 6 startspora. Ut frå start fekk eg ryggen til Skar og følgde han lett.

Emil Iversen vann like gjerne 3-mila også. Etter å ha sprengt Johannes Klæbo undervegs og spurtslått Sundby, Røthe og Krüger måtte H.M.K Harald konstatere frå tribuna at tittelen som konge den her dagen vart låna vekk til Meråkers store son.

Søndag blei NM avslutta med stafett. Dette er ein folkefest og kanskje den største dagen for langrennsmiljøet. Førde stilte sjølvsagt lag der eg gjekk første etappe. Vi enda på ein solid 13 plass og slo klubbar som Lillehammer og Heming. Stafett er stafett, men stafett er også veldig jækla moro!

Stafetten var ein fin avslutning på eit NM som ikkje vart heilt det eg drøymte om. Eg fekk ikkje medaljen eller tur til VM som har vert eit draumen heile sesongen. Det er eg skuffa over. Men eg var heller ikkje langt ifrå. Eg har levert renn i Noregs og verdstoppen nesten kvar gang eg har konkurrert i år. NM var ikkje noko unntak, trass i litt tung kropp. Eg har heva meg enormt frå i fjor og er no ein skiløpar og rekne med.

Det er veldig kult for ein kar frå Førde. Og heldigvis er det mange renn og fleire høgdepunkt att både nasjonalt og i verdscupen. Både i år og åra som kjem. Eg skal framleis angripe og framleis jakte den dagen der alt klaffar og eg står yvst på pallen.

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Alle bilder: Privat

Les mer

”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” ”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” SKANDINAVISK CUP, VUOKATTI, 04.-06. JANUAR Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Verdenscup Lillehammer, 30. nov – 2. des Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Norgescup Gålå, 23.-25. november I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording Sesongåpning Beitostølen, 16.-18. november
Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler