” Det er den råaste stemninga eg nokon gong har kjend på”  

WORLD CUP, DRAMMEN, 12. MARS

Verdscupsirkuset i langrenn er innom mange legendariske stader undervegs i ein vinter. Davos, Ulricehamn, Falun, og Lahtis for å nemne nokre. Men det er to som skil seg ut. Holmenkollen og Drammen. Holmenkollen med sin ikoniske arena, historiefylte løyper og sveiseblinde tilskodarar har engasjert langrennsmiljøet i mange år. Men den einaste staden som kan måle seg med skifesten under 5mila i kollen? Drammen sjølvsagt.

Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!

Lat oss være ærlege. Som skiløpar går ein skirenn på nokre ganske stusselege stader innimellom. Rennbreva mine har vertfall skildra nokre slike stader som Gud gløymde. Verdscupsirkuset er ikkje noko unntak. Sjølv om storslått natur og publikum som badar i solskin ofte er bakteppet for fantastiske prestasjonar i sporet er det nokre unntak. Langrenn er av og til grått og trist for både løparar og TV-sjåarar. Ikkje alle stader klarer å invitere til fest når verdscupsirkuset kjem. Drammen derimot veit korleis ein fest skal arrangerast. Og i år fekk eg ta del i festen for fyrste gong.

Ideen er jo genial. Legg snø midt i sentrum av ein norsk by og lat publikum komme ein armlengdes avstand frå løparane under tette sprintduellar. Bygg tribuner, fyll dei med feststemt publikum og lag ein trykkokar av dei sjeldne. Sleng gjerne inn litt pilsner frå Aas og hiv på litt Jonas Fjeld på anlegget så hamna drammenspublikummet ganske kjapt i Nirvana.

Ein slik bysprint er viktig for å skape gode Tv-bilete og engasjere folk kring langrenn. Det er enkelt for publikum og viktig for sporten at vi har slike renn. Men det er ein ekstra utfordring for oss løparar. På grunn av snøen i løypa og for at den skal halde best mogeleg er det strenge reglar for skitest og bruk av løypa før slike renn. Det betyr at vi berre fekk 10 minutt på å teste ski og gå igjennom løypa før start. Dermed vert det ei ekstra utfordring og få testa skia godt nok og gjere dei nødvendige førebuingane.

Den vanlege spenninga før viktige renn vert ganga med 10 under slike føresetnadar. Også oppvarming er ei utfordring. Nokre vel å gå litt på rulleski, andre vel å springe med stavar. Med andre ord er førebuingane før rennet veldig annleis under ein slik bysprint enn elles.

/
/

Publikum strøymde til og prologen starta. Etter skandinavisk cup siger førre helg var eg trygg på forma, men skia uroa meg. 10 minutt gjekk fort og skia var ikkje slik eg ville ha dei. Noko eg fann ut i fyrste bakke i prologen.

Opp og rundt kyrkja glapp skia og eg kava veldig. I standen for firehjulstrekk vart det som ein framhjulstrekt fullasta varebil på holka. Det berre spann. Eg hamna på etterskot frå start og gjekk ein dårleg prolog. Men eg berga akkurat med 27 plass og eg var klar for kvartfinale.

I kvartfinalen skulle eg måle meg med den russiske bjørnen Bolsjunov og Northugs hakkekylling Calle Halvfarson. Noko som fekk trykket fram i publikum. På start vart namnet mitt annonsert og håra på ryggen reiste seg når publikum jubla.

Det er den råaste stemninga eg nokon gong har kjend på. Eg hadde bytta skipar til kvarten i håp om å ha betre ski og feste enn i prologen. Eg sprang bakkane lett til toppen med trygt feste. Men i nedkjøringa hang skia att og eg kom på etterskot. Det var altfor mykje feste og for dårleg glid. Eg var sist før oppløpet og enda til slutt som nummer 4.

Sportsleg sett vart renne ein liten nedtur. Eg rota med utstyret og var på etterskot i løypa. Då vert ein sjanselaus mot verdas beste. Men i mitt første verdscuprenn i klassisk sprint enda eg som nummer 20 og slo blant anna Emil Iversen og Finn Hogen Krogh. Det var ikkje min beste dag, men eg gjorde meg ikkje vekk. Og etter haugevis med selfiar, heiarop og ei heilt vanvitig stemning sit et att med ein oppleving for livet.

/

Eg har alltid hatt som mål om å gå i Drammen. Og endeleg fekk eg oppleve det. Heile karriera mi har eg høyrd om den enorme stemninga og det valdsame trykket når løparane rundar kyrkja og stuper ned Bragernes torg.

Eller når ein står på start og tusenvis av tilskodarar reagerer på ditt eige namn som om ein plutseleg vart Justin Bieber for nokre sekund. Endeleg fekk eg kjenne dette på kroppen. Tusen takk til Drammen som gir oss skiløparar mogelegheitene til å føle oss som popstjerner for ein dag!

Kaizen!
Skihelsing frå Gjøran Tefre

/

Alle bilder: Bildbyrån

Les mer

”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” ”Skal ein dømme ut frå glisa til dei finske damene langs løypa vil eg påstå at Niskanen er større her enn Klæbo og Northug noko gong vil bli, eller har vert.” SKANDINAVISK CUP, VUOKATTI, 04.-06. JANUAR Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Det var som om Tine meierier hadde julebord i begge beina mine Verdenscup Lillehammer, 30. nov – 2. des Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Beina surna, synet var uklart og det starta å ringe i hovudet Norgescup Gålå, 23.-25. november I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording I finalen var det 5 meritterte landslagsløparar mot ein litt skjelven sunnfjording Sesongåpning Beitostølen, 16.-18. november
Dine personverninnstillinger

Vi bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste opplevelsen på siden vår, og for å gjøre vår kommunikasjon mer relevant for deg. Du kan endre innstillingene for informasjonskapsler når du selv ønsker.

Endre innstillinger
Les mer om informasjonskapsler