Etter fire lange dagar som reserve vart det klart. Sjukdom ramma verdscuptroppen og eg rykka inn på laget. Dermed vart baggen pakka, tyskglosene pugga og før eg rakk å tenkje over det sat eg på eit fly til Dresden!
I helga hadde verdscupsirkuset flytta seg ut av skogen og inn i Dresden sentrum. Med ein snølagt runde på 800 meter var det gode rammer for ein rask og tett bysprint. For bysprint er noko spesielt. Flat løype, høg fart og lite plass gjer til at det skil lite mellom løparane. Uhell er uunngåeleg og taktikk nøkkelen. For å verkeleg setje ein ekstra spiss på rennet var snøen klink is og det var sterk motvind i halve løypa.
Gjøran Tefre rapporterer hver uke fra innsiden av langrennssirkuset ekslusivt for oss i Toyota.
Følg skitalentet i hans jakt på landslagsplass – og tur til Ski-VM!
Som reserve har ein eit dilemma. Skal ein førebu seg som om ein skal gå eller skal ein starte førebuingane til neste viktige renn?
For meg har NM alltid vore hovudmålet for sesongen. Og renna kjem tett utan mykje tid til trening. For å vere i toppform der er ein nøydd til å trene godt ein periode i førevegen. Derfor val eg å nytte mogelegheita for å få gjort ein treningsjobb før den her helga. Dermed var eg ikkje optimalt førebudd når eg sto på start, men det er alltid spennande med eit usikkert moment. Heldigvis var kroppen veldig klar for å spurte igjennom Dresdens gater.
Dagen starta bra med ein god prolog for min eigen del. Litt prega av treningskøyret før helga gjekk eg inn til ein 8 plass, rett bak ledande Pellegrino frå Italia. Med fleire tusen menneskjer kring løypa var det duka for ein folkefest!
Før kvartfinalen var eg usikker på korleis eg skulle løyse det taktiske. Eg lika å ta kontroll og gå med høg fart. Der er eg sterkare enn dei fleste. Men det kunne eg ikkje nytte her. Sterk motvind, lett og rask løype gjorde til at det ikkje ville lønne seg å gå i front før på slutten. Det kom til å bli eit lureløp av dimensjonar. Derfor bestemte eg meg for å spare alt av krut til siste runden og då eksplodere som ei bombe. Noko som Dresden anno 1945 ikkje var framand for.
I kvartfinalen sto eg og 3 andre saman med den franske sprintstjerna Jouve og den norske godguten Brandsdal før vi dundra laus inn i Dresden. Riktig nok kun i nokre meter før alle stoppa opp og ingen ville gå først i motvinden. Det stoppa heilt opp og gjekk knapt framover. Her trenar ein knallhardt året rundt. Drøymer om å gå skirenn på verdas største scene. Høyre jubelen frå tusenvis av tilskodarar. Og når ein endeleg får sjansen ender vi opp med å gå like roleg som ein bakfull dansk påsketurist med pulk.